Innkalling til
ORDINÆRT ÅRSMØTE 
i Tysnes Næringsråd

INNKALLING TIL
ORDINÆRT ÅRSMØTE
i Tysnes Næringsråd
16. september kl. 19.00 i Vågen Industrier
ÅRSMELDING TYSNES NÆRINGSRÅD 2019

Tysnes Næringsråd blei re-etablert i mai 2019.
I 2019 var det registrert 15 betalande medlemmar.

Årsmøte gjennomført 30.10.2019 kor dei nye vedtektene også blei vedtekne.

Det blei halde ein næringssamling; 27 november 2019 på Mandelhuset med ca. 50 deltakarar.

Det blei halde tre styre møter, inkludert oppstartsmøte.

Årsrekneskapen er gjort opp med kr 70 028,77 i inntekter og kr 37 798,75 i driftskostnadar, som gjer eit positivt resultat på kr. 32 230,02.
Sum Eigenkapital pr 31.12.2019 er kr. 57 989,07

Tysnes Næringsråd fekk i 2019 økonomisk stønad frå Tysnes Kraftlag (kr 50 000) og Tysnes Sparebank (kr 10 000) og Tysnes Kommune bidrog med å dekke kostandar for Atheno samt å vere sekretariat for organisasjonen.  

Årsmøte er Tysnes Næringsråd sitt øvste organ.
Alle medlemmer i Tysnes Næringsråd har rett til å møta på årsmøte, eit medlem har rett til å møta ved fullmektig som må leggja fram skriftleg og datert fullmakt. På årsmøte har kvart medlem ei stemme. 


KONSTITUERING AV ÅRSMØTE:
1. Godkjenning av innkallinga
2. Fastsetjing av dagsorden
3. Val av møteleiar
4. Val av ein representant til å føra protokoll frå møte
5. Val av to representantar til å medteikna protokollen.

SAKER TIL HANDSAMING:

6. Årsmelding for 2019

Det vert vist til årsmelding som følgjer som vedlegg til innkallinga.

Framlegg til vedtak:
Årsmelding for 2019 vert godkjent slik den ligg føre.

7. Rekneskap for 2019

Det vert vist til rekneskap for 2019 som følgjer som vedlegg til innkallinga.

Framlegg til vedtak:
Rekneskap for 2019 vert godkjent slik det ligg føre. 

8. Fastsetjing av kontingent

Det er i dag slike medlemskontigentar for Tysnes Næringsråd:
Nyetablerte bedrifter Gratis første året
Bedrifter med 1-10 ansatte Kr. 500,-
Bedrifter med 11-20 ansatte Kr. 1000,-
Bedrifter med 21> ansatte Kr. 2000,-
Lag og organisasjonar Kr. 500,-

Framlegg til vedtak:
Medlemskontigent vert vidareført på same nivå som i 2019.

9. Budsjett for komande år
Det vert vist til vedlegg til utsendinga.
Framlegg til vedtak:
Budsjett for 2020 vert vedteke slik det ligg føre.

10. Val av styre
Styre har i dag slik samansetning:
Kristin G.T. Kleppe (Ikkje på val)
Kent Ove Rosvold (Ikkje på val)
Erling Borgen (Ikkje på val)
Børge Pedersen (Ikkje på val)
Irene Dalland (på val)
Heidi Røssland (på val)
Lea Qvistgaard (på val)

Valkomiteen leverer framlegg til val til styre på årsmøte.

11. Val av valkomite
Styre har ansvar for å levere framlegg til val til valkomitee på årsmøte. 

12. Val av revisor

Last ned pdf