Årsmøtet er Tysnes Næringsråds øvste organ.
Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av mai månad.Innkalling med førebels dagsorden skal sendast ut minst 6 veker før møtet. Dagsorden med sakspapir skal sendast ut minst 2 veker før møtet.
Saker til årsmøtet skal fremjast gjennom styret og må vera innkomne til styret minst 4 veker før årsmøtet.
Alle medlemmer i Tysnes Næringsråd har rett til å møta på årsmøtet. Eit medlem har rett til å møt ved fullmektig, som må leggja fram skriftleg og datert fullmakt. Fullmakta gjeld berre førstkommande årsmøte, med mindre det tydeleg går fram at noko anna er meint.På årsmøtet har kvart medlem 1 stemme kvar.
Årsmøte vert konstituert ved:
• Godkjenning av innkalling
• Fastsetjing av dagsorden
• Val av møteleiing
• Ein representant til å føra protokollen under møte
• To representantar til å godkjenna og medunderteikna referatet
Årsmøte behandlar:
1. Styret si årsmelding og revidert rekneskap for siste år.
2. Godtgjering til styret og revisor.
3. Fastsetjing av kontingent.
4. Budsjett for komande år.
5. Val av styre, valkomité og revisor
6. Innkomne saker
Alle val skal skje skriftleg dersom nokon ynskjer det.
Årsmøtet er ikkje vedtaksført utan at 1/5 av medlemmane er fysisk til stades eller har gjeve fullmakt. Er ikkje 1/5 fysisk til stades eller ved fullmakt, vert det innkalla til nytt årsmøte med 8 dagars varsel. Alle saker vert avgjorde med vanleg fleirtal.
Ein kan berre røysta ved personleg frammøte eller ved skriftleg fullmakt.